HjemNorsk Kulturarv
Forside - Om Olavsrosa - Om Norsk Kulturarv - Historia om Norge - Lenker - Kontakt oss - Budstikka
Søk
Navn:
Fylke:
Kategori:

>> Detaljert søk...
Kulturminner i kommunene
Kartsøk
Østfold Akershus Oslo Hedmark Oppland Buskerud Vestfold Telemark Aust-Agder Vest-Agder Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Sør-Trøndelag Sør-Trøndelag Nord-Trøndelag Nordland Nordland Nordland Troms Troms Finnmark Finnmark Finnmark


Søk på postnr eller stedsnavn
Odda
Odda kommune (7 050 innb.) ligg inst i Sørfjorden i Hordaland fylke. Delar av nasjonalparkane Hardangervidda og Folgefonna ligg i kommunen. Odda var eit viktig reisemål for turistar før industriutbygginga starta først på 1900–talet. Den rike tilgangen på vasskraft gjorde Odda til ein viktig industristad, med produksjon av bl.a. sink og kalsiumkarbid. Smelteverket er nå historie, og kommunen satsar mykje på kultur i næringsutviklinga, bl.a. gjennom Norsk Vasskraft– og Industristadmuseum i Tyssedal, somogså har Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa. Det er lagt ned eit stort arbeid for å bøte på forureininga av fjorden som utslepp frå industrien stod for, og Sørfjorden er igjen blitt attrativ for både fastbuande og turistar.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

I Tyssedal finn du eit unikt museum som fortel historia om bygginga av det moderne Noreg. Med vasskraft som hovudressurs voks Odda og Tyssedal frå å vera små jordbrukssamfunn til å bli moderne industristader på byrjinga av 1900-talet: I 1906 budde det om lag 30 menneske i Tyssedal. Odda med sine 600 innbyggarar var eitt av Noregs mest populære turistmål, med 11 turisthotell. Nærast over natta blei desse to stadene forandra til yrande anleggsplassar, dit det strøymde arbeidarar frå heile Skandinavia. Folketalet i Tyssedal auka på kort tid frå 30 til 1000! Industrieventyret dreiar seg ikkje berre om grensesprengjande ingeniørkunst, det er og ei historie om omveltingar, sosialt medvit og klassekamp. Tyssedal Kraftanlegg vart freda i 2000 og er vakkert restaurert. Gjennom arrangement, omvisingar i kraftanlegget og arbeidarbustadar i Odda, faste og skiftande utstillingar og bildespill gjev museet dei besøkande ei forståing av den viktige rolla vasskrafta har spela i utviklinga av dagens samfunn. Området er godt tilrettelagd for turar og opplevingar og har representativ 1900-talsarkitektur. Alle som besøker Hardanger, bør ta seg tid til å oppleve dette høgspente og raudglødande drama frå vår nære fortid!
Les meir...

Arbeidarboligane i Folgefonngata, Odda

Arbeidarboligane i Odda sentrum er Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Odda. Korleis var butilhøva og oppveksten i industristaden? I Folgefonngata får du koma inn i fire leilegheiter der arbeidarfamiliar verkeleg har budd i 1910, -20, -30 og 1950. Biletspelet "Borna på Bakke" fortel om levekår og oppvekst i Odda før i tida. Utstillingar om heim og fritid på industristaden og ein flott hage. Arkitekturvandring i Odda er tilgjengeleg på bestilling. Velkomen!
Les meir...

Odda smelteverk

Større ansamling av industribygg og -anlegg i mange ulike stilarter fra industrireisingen av. Odda Smelteverk ble lagt ned i 2003. Deler av tomta på 167 mål er regulert til spesialområde for bevaring. Endelig vernestatus for enkelte bygg og strukturer er ikke avklart pr. slutten av oktober 2009. Uteområdet som kalles portalområdet, med blant annet portvaktbygg, Lindehus, Sentralbad (tidligere garderobeanlegg) og Containerverksted med café er åpent for publikum. Det gjøres et større restaureringsarbeid på flere av byggene.
Les meir...

Røldal Bygdemuseum

Gården Ytre Hauge ble testamentert til Odda kommune i 1985 av Tore N. Hauge. Ved overtakelsen stod bygningene nærmest uendret, slik de var da Hauges foreldre levde. Bygningsmassen, slik den fremstår i dag, representerer liv og byggeskikk på et relativt stort Røldalsbruk på slutten av 1800-tallet. Den senere tilflyttede Rabbastova regnes som det eldste bevarte stovehuset i Røldal. Dette bygget inneholder en tekstilsamling med en spesielt vakker samling dåpsluer fra bygda.
Les meir...

Røldal Stavkyrkje, pilegrimskyrkje

Røldal stavkyrkje vart bygd på 11-1200-talet. Kyrkja er mest kjend for sitt undergjerande krusifiks, som etter segna sveitta kvar jonsoknatt. Denne sveitten trudde folk hadde lækjande kraft. Ingen veit om nokon faktisk vart friske, men det er teke vare på mange attlagde krykkjer. Kyrkja fekk rike gåver frå dei mange som valfarta hit, og det gjorde den vesle kyrkja velståande i mellomalderen. På 1600-talet fekk kyrkja rik utsmykking innvendig, med rosemala vegger og tak. Kyrkja er framleis i vanleg bruk. Dagleg omvisning, sjå opningstider.
Les meir...

Partnere
Lenker
Design: Intellicom | Utvikling: Intellicom | CMS: INTManager