Tips en venn om dette stedet...
© Lars Erik Skrefsrud
| | | |
Beskrivelse: Ibsens Peer Gynt kastar lys over tidlause og universelle utfordringar i livet til alle menneske. Peer er norsk, men også internasjonal. Inspirasjon til figuren fann Henrik Ibsen i Gudbrandsdalen. Her fekk han høyre historia om villstyringen som hadde levd på Nordgard Hågå ved Vinstra. Desse fortellingane lever vidare den dag i dag, samtidig som Peer Gynt blir oppført ved teaterscener verda over. Kvart år møter den historiske Per den litterære Peer i Per Gynt-stemnet på Vinstra. Kulturfestivalen har eit stort spenn, med bl.a. konsertar, kunstutstilling og litteraturseminar. Eitt av høydepunkta under stemnet er framføringa av Henrik Ibsens diktverk i riket til den historiske Per. Med naturen som amfi og Gålåvatnet som bakteppe blir teaterstykket framført i samarbeid mellom profesjonelle skodespelarar og dugande amatørar. Kombinert med Griegs musikk og sommernattas melankoli gir dette publikum ei oppleving som set spor; få drar frå Gålåvatnet utan å føle seg i slekt med Peer. Som eit arkitektonisk smykke ligg Rondane Høgfjellscene på Kvamsfjellet. Scenen er teikna av arkitekt Arnstein Frieleng, inspirert av bukkerittet, og med Rondanemassivet som bakgrunn. Under stemnet kan du oppleve konserten "Ved Rondane" med dei fremste solistane i Norge saman med Peer Gynt kammerorkester. |
| | Adresse: Peer Gynt-stemnet har base på Vinstra i Gudbrandsdalen. | Åpningstider | Sesongåpent Kulturfestival i begynnelsen av august. Ring for opplysninger og billetter.
| | | Telefon: | 959 00 770 | | Fax: | | | E-post: | Send e-post | | Hjemmeside: | www.peergynt.no |
|
|