Beskrivelse: Diktaren Arne Garborg fekk bygd jærhuset i Knudaheio som sommarbustad i 1899. Han budde her nokre dagar eller veker kvar sommar for å kunna arbeida i fred og ro, fram til 1923; for det meste åleine. Handlinga i "Haugtussa" (1895) er kanskje lagd til fjellheimen aust for Knudaheio. Her skreiv han òg dei til dels sjølvbiografiske "Knudaheibrev" (1904). Staden betydde mykje for Garborg: "Det er ikkje mykje eg er så nøgd med i verda som "jærfjellstova mi." (Dagbok 1919). Ekteparet Arne og Hulda Garborg er hauglagde i Knudaheio (i 1925 og 1935).
Adresse: Frå RV44 v. Bryne: RV506-RV505. Frå E39 v. Bue: RV504-RV 505. Kringleskilt på RV505 v. Undheim