Beskrivelse: Oppgongssag frå 1875. Det er ei såkalla rammesag med mange blad. Sago er bygd på ein solid gråsteinsmur, med helletak. Saga vart driven av eit undervasshjul (ein kvernkall). Tømmeret vert drege opp med eit overvasshjul (ei vassmerr). Saga var i full drift til i 1930-åra. I 1997 vart saga flytta. Nærleiken til Mehlselva og Steinparken gjev saga ein svært sentral plass i kulturlandskapet. Rennande vatn, vasshjulet som sviv rundt og lukta av nyskore tømmer gjev ei spesiell sanseoppleving.
Adresse: Følg Baronivegen frå sentrum i Rosendal - ta til venstre etter 200 m før brua og følg elva 100 m.
Tilgjengeleg heile året. Saga er i drift for publikum ein gong pr. månad i sommarhalvåret. Saga vert elles nytta til saging på bestilling. Det vert også arrangert fleire kulturarrangement ved saga.