Treskurd
 | | Akantusen er eit sentralt motiv i treskurden |
Av Arnfinn Engen
Skurd i tre har alltid vore ei viktig uttrykksform i norsk folkekunst, og nådde tidleg eit høgt nivå. I Osebergdronningas gravgods finn vi treskulptur av så høg kvalitet at det knapt finst utøvarar som kan kopiere det i vår tid.
Båtstevner, sleder, vogner og hovud av fabeldyr vitnar om høgt utvikla kunstnarleg sans og dugleik i handverket.
Med kristendomen kom kyrkjebygginga, og her vart treskurden tatt i bruk for å pryde gudshusa. Portalane på stavkyrkjene våre representerer noko av det fremste i norsk folkekunst, kanskje i norsk kunst i det heile, frå det djupe relieffet med fabeldyret i portalen i Urnes stavkyrkje, til dei rike planterankane i stavkyrkjene i Valdres (t.d. Hedalen, Øye, Høre og Reinli) og til den historieforteljande portalen i Hylestad stavkyrkje. Også inne i stavkyrkjene vart treskurden tatt i bruk til å forme fantasifulle masker på stavane under kyrkjetaket.
I den norske renessansen sist på 1600–talet fanst treskurden først og fremst i kyrkjene, i bruksbarokken på altartavlene og preikestolane. Men også i innreiinga i heimane tok dei etter kvart treskurden i bruk, i listverksskåpa og kannestolane, og i karveskurden på mangletre og andre bruksgjenstandar.
Med 1700–talet kom gullalderen i norsk treskurd, og nå var det akantusplanten som voks fram under hendene på treskjerarane. Denne forma kom først til syne på altartavla i Oslo domkyrkje, som sto ferdig i 1699, laga av ein hollendar. Herifrå spreidde den seg til treskjerarmiljøet i Hedmark, og seinare til Gudbrandsdalen, der den fekk si rikaste blomstring. Den første store meisteren her var Jakup Bersveinsson Klukstad, som med altartavla i Lesjakyrkja laga meisterverket sitt. Seinare vart akantusmotivet tatt i bruk av dei som laga innreiing til heimane, dei som skar skåp og klokkekasser, som Sylvfest Skrinde og Ola Rasmusson Skjåk – Skjåk–Ola – begge frå Skjåk, eller Jakup Rasmusson Sæterdalen og Hans Olsson Helleløkken frå Vågå. Alle desse er rikt representerte i musea i Gudbrandsdalen. Mange av treskjerarane skar også gravminne i kleberstein, som er karakteristisk for Gudbrandsdalen.
Først på 1800–talet var det framleis innreiinga av heimane som var den viktigaste marknaden for treskjerarane, og akantusen som var det dominerande motivet. Men produkta endra seg frå å vere dei store stuguskåpa og klokkekassene, til dei små miniatyrane i form av fotorammer og suvenirgjenstandar.
I siste delen av 1800–talet vart det sett i gang formelle utdanningstilbod i treskjering både i Hardanger og i Gudbrandsdalen. Lars Kinsarvik i Hardanger utforma ein ny stil, dragestilen, tufta på ornament frå vikingtid og stavkyrkjeportalar. Han fekk mykje å seie som stilskapar og lærar, og innreidde til dømes mange av kaffistovene rundt om i landet. Han står også bak fleire kyrkjeinteriør i drakestil, spesielt på Vestlandet. På Dovre tok samstundes Hjerleids Husflidsskule opp undervisning i treskjering, og vart etter kvart ein leiande utdanningsinstitusjon i treskurd og trearbeid.
|