Verdifulle kulturlandskap:
 | | Spellmovollen, Vangrøftdalen. Foto: Yngve Rekdal | Av Mathias Øvsteng, Norsk Kulturarv
Berggrunn, topografi og klima er svært vekslande frå nord til sør og frå aust til vest i landet vårt. Dette har gitt grunnlag for kulturelle særpreg og store variasjonar i jordbruksdrifta, noko som har ført til eit mangfald av kulturhistoriske og biologiske verdiar.
Eit levande jordbrukslandskap med busetnad, dyrking, slåtteland og beitedyr er representerer viktige fellesverdiar for oss alle, anten vi er fastbuande eller turistar.
Over heile landet er kulturlandskap haldne i hevd og forvalta av aktive og entusiastiske enkeltmenneske. Strukturendringar og nye økonomiske krav i jordbruket har utfordra denne skjøtselen på fleire vis, og det er viktigare enn nokon gong å vera klar over verdiane eit levande kulturlandskapet representerer.
I 2009 valde Landbruks– og matdepartementet og Miljøverndepartementet ut 20 område som skal representere kulturlandskap i jordbruket i innlandet, i fjellet, langs kysten og fjorden. Formålet er å sikre langsiktig drift, skjøtsel og vedlikehald, samtidig som områda skal vera tilgjengelege for alle.
Såleis kan dei 20 utvalde kulturlandskapa i jordbruket bli både til oppleving for turisten og stimulans for andre flotte kulturlandskap, som Norge har mange av. Gjennom skjøtsel og formidling ligg det potensial for ny næringsutvikling med grunnlag i aktive kulturlandskap og aktive lokalsamfunn.
Dei 20 utvalde kulturlandskapa er:
- Bøensætre med plasser – Aremark, Østfold
- Øya–Nordre Eik – Nannestad, Akershus
- Nordmarksplasser, Oslo
- Vangrøftdalen–Kjurrudalen – Os, Hedmark
- Nordherad – Vågå, Oppland
- Steinssletta – Hole og Ringerike, Buskerud
- Skjærgården øst for Nøtterøy og Tjøme – Vestfold
- Jomfruland og Stråholmen – Kragerø, Telemark
- Rygnestad og Flateland – Valle, Aust–Agder
- Vest–Lista, Farsund – Vest–Agder
- Hodne–Vikevåg, Helland–Bø og Førsvoll – Rennesøy, Rogaland
- Gjuvslandslia – Kvinnherad, Hordaland
- Grinde–Engjasete – Leikanger, Sogn og Fjordane
- Hoddevik–Liset – Selje, Sogn og Fjordane
- Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal – Møre og Romsdal
- Seterdalene i Budalen – Midtre Gauldal, Sør–Trøndelag
- Skei og Skeisnesset – Leka, Nord–Trøndelag
- Engan–Ørnes og Kjelvik – Sørfold, Nordland
- Skárfvággi–Skardalen – Gáivuona Suokham⁄Kåfjord, Troms
- Makkanes – Vadsø, Finnmark.
|