Stiftelsen Norsk Kulturarv tar vare på fortida for framtida – gjennom nåtida. ”Vern gjennom bruk” er vårt motto. Gjennom aksjonar, medlemsarbeid, reiselivsutvikling, rådgiving og fagpolitisk støtte til eigarar av kulturminne er vi på banen for å sikre den norske kulturarven gjennom aktiv bruk. Kulturvern og næringsutvikling er for oss to sider av same sak. Kulturarv er meir enn museum - den lever best gjennom aktivt liv!
Inspirasjon, oppleving, kunnskap og identitet er viktige verdiar for Stiftelsen Norsk Kulturarv. Slike verdiar kan best førast vidare gjennom aktiv næringsutvikling med kulturarven som produktgrunnlag. Norsk Kulturarv er eit talerør overfor styresmakter og ulike alliansepartnarar i næringslivet, samtidig som vi er sterkt forankra i ein strategi for å synleggjera og markedsføre kulturtiltak under mottoet "vern gjennom bruk". Ikkje minst betyr dette ei sterk satsing på reiselivsopplevingar med basis i kulturarvprodukt over heile landet.
I det heile er Norsk Kulturarv opptatt av å fortelja "historia om Norge". Dette gjer vi best gjennom den personlege overleveringa i ekte miljø. Kulturarv er meir enn museum. Berekraftig bruk er ein viktig føresetnad for levande kulturarv!
|
|